Norges aller første strategi for dataspel vart nyleg presentert av kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande. Det er ein offensiv strategi som har til formål å utvikle ein norsk dataspelbransje som kan hevde seg internasjonalt. Sverige og Finland har mange års forsprang på Norge innan dette feltet, både når det gjeld omsetnad og arbeidsplassar. Det er positivt at dataspel blir løfta fram som sjølvstendig fritidsaktivitet, kunstform og næringsveg.

Så mange som 96 prosent av gutane og 63 prosent av jentene i alderen 9 til 18 år spelar dataspel, viser tal frå Medietilsynet. Likevel er det svært få foreldre som engasjerer seg i denne fritidsaktiviteten. Dataspel blir av mange sett på som ein problematisk hobby, og dataspelavhengigheit er blitt offisiell diagnose. Gjennom «Handlingsplanen mot spilleproblemer» jobbar Medietilsynet aktivt med å førebyggje problem knytt til dataspel, samtidig som dei ønskjer å framheve dei positive sidene. På nettsidene snakkomspill.no kan alle foreldre få gode råd.

Kunnskap og dialog er viktige stikkord for at dataspel kan bli kjelde til glede og utvikling, i staden for konflikt og problem. Dataspel er ein vesentleg del av samtidskulturen vår, og kombinerer fleire kunstformer som grafikk, musikk, arkitektur og historieforteljing. E-sport kan stimulere både kreativitet og konsentrasjonsevne. Dataspel blir tatt i bruk som verktøy på stadig fleire område som kulturformidling, undervisning og forsking.

Dataspelstrategien, som har eit tre års perspektiv, legg vekt på at det skal utviklast eit variert tilbod av norske dataspel med høg kvalitet, og det skal skapast ein inkluderande dataspelbransje. Statens oppgåve blir å sørge for stabile og føreseielege rammevilkår. Regionale filmsenter skal kunne gi utviklingstilskot i ein tidleg fase, for å stimulere talentutvikling og kompetanseheving. Dei fleste regionale produksjonsmiljøa for dataspel ligg i dag på Austlandet. I simuleringshovudstaden Ålesund og i gründerregionen Sunnmøre bør fleire undersøke kva mulegheiter denne nye næringa kan by på.