Nekrolog: Leif Mæhle

Professor emeritus i nordisk litteratur Leif Mæhle døydde 1. september. Nær ein halvt hundreårig innsats for nordisk litteratur og nynorsk skriftkultur er med det til endes.

Mæhle var fødd i 1927 i Sunndal, vart cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1952 og dr.philos. same staden i 1969 med avhandlinga Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting. Den akademiske banen starta han som norsklektor ved universiteta Göttingen og deretter i Lund i Sverige, før han vart stipendiat, universitetslektor og til slutt professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur ved Universitetet i Oslo frå 1969 til han gjekk av ved 70-årsalderen i 1997.

Mæhles lange arbeidsdag i akademia var fylt med forsking, undervisning og formidling, alt drive med stor intensitet og entusiasme. I undervisninga si var han ein eineståande vegleiar i litteraturlesinga. Særleg låg lyrikken hjartet hans nær. Det finst mange norsklektorar som fekk sterke opplevingar og grunnleggjande kunnskapar ved Mæhles forelesingar. Formidlinga tok han som ei viktig oppgåve også gjennom redigering av litterære antologiar og tekstutval og ikkje mindre gjenom Norsk litterær årbok, som han starta i 1966 og redigerte fram til 1988.

Les hele saken med abonnement